Hasundgot – Bergsøy II 5-0

Nok eit topplag på besøk på Hasundgot Stadion, og heimelaget starta der dei slapp mot Tjørvåg. Hasundgot rulla opp angrep etter angrep og det tok ikkje så veldig lang tid før Kristoffer var med på å presse inn 1-0 målet, der ein Bergsøy2 spelar var uheldig å sette ballen i eige nett.

2-0 Kom etter eit nytt flott angrep der Georg O. kom seg ned til linja og slo inn framfor mål der Lars Henrik enkelt kunne putte på til 2-0, som også var resultatet til pause.

Etter pausa putta Georg O. på til 3-0, Kristoffer putta 4-0. Og rett før slutt satte Kjetil inn 5-0 som i grunnen seier det meste om kva for et lag som spelte best fotball idag.

Hasundgot spelte nok en god kamp med stålkontroll på det defansive og samtidig var overlegent gode framover på bana.

Heder: **Georg Ausnes, *Georg Olsen, *Lars H. Hasund

Mål: 1 Sjølvmål, Lars H. Hasund, Georg Olsen, Kristoffer Yksnøy og Kjetil Knotten

Laget: Frank Haraldsvik, Vegard Sundgot, Audun Wingsternes, Georg Aursnes, Lars T. Garshol, Kristoffer Yksnøy, Bjørnar Gjerde, Tore Romestrand, Jan Robin Haraldsvik, Lars H. Hasund, Georg Olsen. Innbytter: Trond Haugland, Steffen Kvalsund, Kjetil Knotten, Bendik Bigset, Mats Bigset, Vidar Gjerde, Ruben Muren.

Dette var siste seriekampen før sommareferien, og vi håper at den gode forma blir enda bedre i løpe av sommaren slik det blir en spennande haustsesong for oss!

Svein Eirik Ertesvåg Mandag 22.06.09