Hasundgot – Tjørvåg 6-1

hasundgot_tjorvag_2009

I denne kampen gjekk Hasundgot til «angrep» på Tjørvåg og såg seg vel aldri tilbake. Vi hadde veldig god kontroll defensivt, og starta kampen med to gutar (som tilsammen har 737 kampar for Hødd sitt A-lag) i midtforsvaret, og en særdeles opplagt goalgetter på topp. Og når vi hadde god kontroll på det vi fekk imot oss, så kunne vi kjøre på framover på bana. Georg Olsen åpna kvelden med sitt første mål 1-0, før Bjørnar Gjerde lag på til 2-0. 3-0 sto Lars H. Hasundg for, før georg vakna igjen og scora sitt andre mål slik at stillinga var 4-0 til pause.

Etter pausa scora Georg både 5-0 og 6-0 og dermed sitt fjerde mål i kampen (dei tre siste på rad = hatrick). Men Hasundgot var ikkje verre enn at vi log Tjørvåg får seg eit trøstemål på slutten som dei kunne ta med på turen heim.

Alt i alt ein flott innsats av heile laget!

Mål: Georg Olsen x 4, Lars H Hasund, Bjørnar Gjerde.

Laget: Frank Haraldsvik, Vegard Sundgot, Audun Wingsternes, Georg Aursnes, Lars Tore Garshol, Kjetil Knotten, Bjørnar Gjerde, Tore Romestrand, Jan Robin Haraldsvik, Georg Olsen og Lars H. Hasund.

Heider: **Georg Olsen, **Georg Aursnes, * Lars T. Garshol

Oppsummering av sesong for Hasundgot – Senior Herre: Etter halvspelt serie har Hasundgot no 12 poeng på 9 kampar. Vi har vunne 3 kampar, uavgjort 3 kampar og tapt 3 kampar. Alle 3 kampane vi har vunne, har vi vunne med god margin. Alle tre kampane vi har spela uavgjort, har vi leda og «rota vekk» sigeren. Alle tre kampane vi har tapt, har vi vel meir eller mindre tapt fortjent, sjølv om eit varierande oppmøte på kampane kan være noko av forklaringa på dette.

 

NESTE KAMP MANDAG 22.06 PÅ HASUNDGOT STADION MOT TOPPLAGET BERGSØY2. MØT OPP OG STØTT HEIMELAGET!

Svein Eirik Ertesvåg 17.06.09