Hasundgot Idrettslag arbeider no intenst med å få på plass alle brikkene som må til for å kunne starte opp ombygging til kunstgras til våren. For å få dette til vil vi no be bygdefolket og alle andre fotballinteresserte om å støtte opp om prosjektet gjennom å kjøpe andelar.
Neste veke (5.november) vil det bli lagt ut informasjonskriv og brosjyre i alle postkassene i skulekrinsen. Den 12 november startar vi andelssalget og kjem da ut til den enkelte husstand. Nedanfor finn du lenker til informasjonsbrevet og brosjyra. Send gjerne tips om dette til besteforeldre, naboar, vener, kollegaer og andre som har eller kan ha ein interesse i Hasundgot og vidare utvikling av bygda vår.
Lenke til informasjonsbrev og brosjyre.
Dersom du ikkje har fått høve til å teikne din andel den 12. november eller i dagane etter, så ta kontakt på post@hasundgot.no, eller på telefon 913-59670 så skal vi hjelpe deg vidare. Fra den 12.november kan du fylje med på kor mange andeler vi har selt, på nettsida vår.
TAKK FOR DI STØTTE!