Hareid II – Hasundgot: 2-7

Då var årets første treningskamp gjennomført og det vart eit flott resultat å ta med seg vidare i sesongforbredelsane. Hasundgot åpna kampen best, Hareid var litt på hælane frå start av og vi leda 2 -0 etter knappe 3-4 minutt. Hareid kjempa seg så inn i kampen igjen å fekk utligna til 2-2 i løpe av den neste halvtimen, men rett før pause scora Hareid eit sjølvmål på ein corner og vi kunne dermed gå til pause med ein 3-2 leiing. I 2.omgong fortsatte Hasundgot å rulle opp angrep etter angrep og vi stoppa ikkje før det til slutt stod 7-2 i favør Hasundgot.

Det kom som eit resultat av at vi gjor jobben vår i forsvar, vi gjor stort sett slik vi var enig om før kampen, låg lavt når motstandaren hadde ballen på deira eigen halvdel og pressa på med masse folk når dei nærma seg vår halvdel. Vi fekk gjennomfør mange gode angrep anført av en veldig kreativ Bjørnar på midten og en særdeles opplagt Georg på topp. Alle på laget fekk godt med speletid! (Bortsett frå Frank Henrik som måtte kjøre Olav Andre på legevakta i løpe av 1.omgong, etter han fekk eit litt alvorlig kutt i underleppa.)

Ellers vil eg trekke fram godt stopparspel av Lars Henrik og Vidar.Pluss en god debutant i Markus Skeide.
Mål: Georg Olsen 4, Bjørnar Gjerde 2 + eit sjølvmål.

Laget frå start: Inge Saunes, Marius Vartdal, Vidar Gjerde, Lars Henrik Hasund, Lars Tore Garshol, Trond Haugland, Mats Bigset, Bjørnar Gjerde, Olav Andre Hofseth, Richard Frøystad, Georg Olsen. Benken: Erik Hasund, Markus Skeide, Frank Henrik Hofseth, Robin Vågeskar, Fredrik Sundal, Joakim Skarbø og Halvard.

Svein Eirik Ertesvåg