Tjørvåg – Hasundgot 0-2 (2010-sesongen)

Første seriekamp for Hasundgot 5.div 2010!

28.04.2010
Tjørvåg – Hasundgot 0-2

Mål: Georg Olsen og Olav Andre Hofseth

Startoppstilling: Thor Erik Andersen, Marius Vartdal, Frank Henrik Hofseth, Audun Wingsternes, Lars Tore Garshol,Markus Skeide, Trond Haugland, Bjørnar Gjerde, Lars Henrik Hasund, Georg Olsen og Olav Andre Hofseth.

Innbytte: Richard Frøystad, Mats Bigset, Joakim Skarbø og Fredrik Sundal.

Kampen: Då var årets første seriekamp gjennomført, og årets første seier i boks!

Værgudane var ikkje heilt på nett i går kveld, men det stoppa ikkje oss frå å gjennomføre en bra første kamp!

Første omgong var prega av at vi spelte i sterk motvind,og då fekk vi ikkje heilt til å flytte både folk og ball framover på bana!Men vi sto på å kjempa gjennom heile omgongen, å hindra Tjørvåg fra komme til dei heilt store muligheitene.

Dermed gjekk vi til pause på stillinga 0-0!

I andre omgong fekk vi medvind, og da fekk Tjørvåg meir problem med å henge med når vi kom i angrep.

Vi gjekk fortjent opp i en 1-0 ledelse ved eit longskudd av Georg Olsen,og vi hadde vel 1-2 store muligeheiter til å score før vi fekk 2-0 ved Olav Andre Hofseth, som satt inn en retur etter eit godt skudd av Bjørnar Gjerde.

Vi fortsatte å skape ein del sjangsar gjennom heile omgongen men fleire mål vart ikkje det. Men vi var nær ved å gjer kampen litt spennande heilt mot slutten når Tjørvåg fekk straffespark, men den redda Thor Erik Andersen på en mesterlig måte!

Alt i alt godt gjennomført guttar!