Sjuande seriekamp for Hasundgot 5.div.
09.06.2010
Hareid2 – Hasundgot 3-2
Mål: Lars Henrik Hasund og Bjørnar Gjerde
Startoppstilling: Thor Erik Andersen, Egzon Abazi, Richard Frøystad, Audun Wingsternes, Lars Tore Garshol, Markus Skeide, Bjørnar Gjerde, Olav Andre Hofseth, Ruben Muren, Georg Olsen, Lars Henrik Hasund.
Innbyttera: Mats Bigset, Marius Vartdal, Fredrik Sundal, Robin Vågeskar.
Kampen: Nytt tap, men framgong sett opp i forhold til dei 2 siste kampane.
Vi fekk tilbake eit par sentrale spelera som Audun, Lars Tore og Bjørnar. Men vi er fortsatt litt for unøyaktige/udyktige i avgjerande situasjonar både i angrep og forsvar.
I første omgong fekk vi ein sterk motvind som fungerte som ein ekstra fordel for Hareid2, og det vart tøffare for oss å komme oss fram i angrep.
Det hjalp heller ikkje at vi var for unøyaktige/udyktige spesielt i starten av kampen, slik at Hareid kunne lede både 1-0 og 2-0 før det hadde gått så veldig lenge av første omgong.
Og det at dei fekk score enda eit mål slik stillinga var 3-0 til pause gjor det heile veldig hardt for oss i andre omgong. Og vi fekk ikkje redusert til 3-1 ved Lars Henrik før det var igjen ca 15 minutt av kampen.
3-2 fekk vi på overtid på eit frispark som han Bjørnar skaut direkte i mål.
Neste kamp er borte mot Haddal Onsdag 16.06
Ta turen til Haddal og støtt Hasundgot gutta!