17. juni 2021

Hasundgot – Åheim 0-3 (2010-sesongen)

17. Seriekamp for Hasundgot 5.div.

Lagoppstilling: Joakim Rødven, Marius Vartdal – Audun Wingsternes – Vidar Gjerde – Joakim Skarbø, Jose Souto – Mats Bigset – Markus Skeide – Tore Romestrand, Daniel Hatløy – Georg Olsen

Innbytte: Erik Hasund, Ruben Muren og Fredrik Sundal

Kampreferat:

Hasundgot hadde ikkje mulegheit for å stille sitt beste mannskap idag å då skulle det vise seg at Åheim blei for sterke.

Riktignok starta Hasundgot best og hadde mykje fint spel første delen av første omgong. Men vi sleit på siste fjerdedelen av bana og sjansane uteblei.

Når då Åheim tok leiinga, mot spelets gong, skjedde det noko med Hasundgot og Åheim tok over initiativet. I andre halvdel av første omgong var Åheim det beste laget og det var dermed ikkje ufortjent at dei fekk 2-0 før pause.

I pausa bestemte vi oss for å legge om til 4-3-3 noko som førte til at vi i starten av andre omgong tok tilbake initiativet i kampen. Men vi sleit fortsatt med å kome til dei heilt store sjansane.

Desverre skjedde det same denne omgongen. Åheim skåra og tok dermed også over spelet. I siste halvdel av kampen er Åheim det klart beste laget og vi skal vere glade for at det ikkje blei meir enn 0-3 i målprotokollen idag.

Dermed kunne Åheim ta med seg tre velfortjente poeng heim i bussen.

Vi kjem sterkare tilbake!

Vikarierande trenar
Trond Haugland