Hasundgot – Hareid2 7-1 (2010-sesongen)

16. Seriekamp for Hasundgot 5.div.

Lagoppstilling: Eirik Kobbevik, Egzon Abazi – Audun Wingsternes – Vidar Gjerde – Marius Vartdal, Ruben Muren – Markus Skeide – Lars Henrik Hasund – Tore Romestrand, Daniel Hatløy – Georg Olsen

Innbytte: Lars Tore Garshol, Erik Hasund, Mats Bigset, Fredrik Sundal, Henrik Roppen

Målskårar: Vidar Gjerde (!), Lars Henrik Hasund, Georg Olsen x2, Tore Romestrand x2, Erik Hasund

Kampreferat:

Det var aldri særleg tvil i kvar dei tre poenga skulle havne i denne kampen. Hasundgot fremsto som svært solide og jobba disiplinert og godt i det defansive.

I tillegg fortsett vi med å vere effektive og gode i angrepsspelet vårt. Hareid stiller med ein god første 11-ar men det var tynt i rekkene på benken so nokre skadar blir utslaggivande mot slutten av kampen men då var kampen i realiteten avgjort.

Sjølv om vi skårar 7 mål idag vil underteikna likevel trekke fram forsvarsspelet vårt som det sterkaste leddet. Då er både forsvarsrekka og det defansive arbeidet til resten av laget inkludert. Hareid skapte svært lite kampen gjennom. God innsats av både start 11-ar og innbyttarar idag!

Nok ein solid siger til heimelaget på denne regntunge haustkvelden på Haundgot stadion.

Laget vil nytte høve å gratulere trenar Svein Eirik med ei jente! Ho kom til verda i det same øyeblikk som Vidar Gjerde slo «hjul» etter si skåring! 🙂

Vikarierande trenar
Trond Haugland