Treningskamp: Hasundgot – Tjørvåg 1-0

Siger i årets andre treningskamp!

09.03.2011

Laget: Joakim Rødven, Erik Hasund, Richard Frøystad, Audun Wingsternes, Lars Tore Garshol, Kim René Vågeskar, Joakim Skarbø, Simon Sundal, Marius Vartdal, Tore Romestrand og Daniel Hatløy

Innbytte: Robin Vågeskar, Mats Bigset, Svein Eirik Ertesvåg, Sveinar Øvrelid.

Mål: Tore Romestrand

Spelemessig grei første omgong, Hasundgot skapte ein del gode muligheiter og hadde det meste av banespelet.

Heilt fortjent scoring av Tore, sjølv om det kanskje kunne ver misstanke om offside 😉

Vi hadde også eit skot i tverra, og i tillegg eit straffespark som målvakta til Tjørvåg klarte å redde.

Mot slutten av første omgong begynnte det å snøve relativt mykje, og då andre omgong starta var i grunnen bana ikkje skikka for å spele fotball. Vart meir som ein snøballkrig, og langballane vart monge.

Fleire mål vart det ikkje, så alt i alt eit ok utbytte av kampen.