Hasundgot – Flø 3-2

Revansjerte 8-1-tap mot Bergsøys andrelag.

30.05.2011

Mål: Bjørnar, Erik og Simon

Tropp: Joakim Rødven, Robin Vågeskar, Terje Longva, Audun Wingsternes, Lars Tore Garshol, Olav Hofseth, Simon Sundal, Bjørnar Gjerde, Ruben Muren, Sveinar Øvrelid, Tore Romestrand, Henrik Roppen, Vegard Sundgot, Erik Hasund, Mats Bigset, Kim René Vågeskar, Marius Vartdal og Markus Skeide.

Lagoppstilling:
Keeper: Joakim R.
Forsvar: Robin – Audun – Terje – Lars Tore
Midtbane: Olav – Bjørnar – Simon
Angrep: Ruben – Sveinar – Tore

Bytte inn/ut:
Henrik/Sveinar
Markus/Terje
Erik/Tore
Vegard/Ruben
Mats/Simon
Kim/Olav
Marius/Vegard

Mandag 30. mai skulle Hasundgot fortsette den gode heimestatistikken som dei hadde opparbeida seg i dei to føregåande heimekampane, og ikkje minst revansjere 8-1 tapet borte mot Bergsøy2. Flø var laget på motsatt banehalvdel, og det skulle vell vere grei skuring for heimesterke Hasundgot.

Kampen starta med at Hasundgot trilla mykje ball, og Flø viste tidleg at dei ville legge seg bakpå og satse på kontringar, noko som dei lykkast med.

Etter 15 minutt gav det utteljing, ballen kom sprettande ut på 16 meter, der stod tidlegare Hasundgot-spelar Einar Orten Trovåg og small ballen inn i nærmaste kryss, knall hardt, og keeper var sjanselaus. 0-1 Flø.
Hasundgot fortsette å trille ball, og hadde vell ballen 75% av tida, men det blei skapt få sjansar.

Etter 30 minutt med stanging og ingen sjansar, kom Henrik inn på bana som eit friskt pust. Han hadde våre på bana i ca 30 sekund då han fekk testa keeperen til Flø med eit godt skudd. Utanom det klarde ikkje Hasundgot å skape so mykje, Tore hadde vell ein sjanse aleine med keeper frå skrått hald, men keeper redda greitt. Pause 0-1.

I pausen blei d såtte fokus på bevegelse og hurtige pasninga i 2.omgong og det var det som skjedde. Hasundgot satte opp tempoet og hadde vell 3 store sjansar dei første 5 minutta i 2.omgong, utan nettkjenning. I det 55 minutt, mot spelets gang, kontra Flø og satt inn 0-2.

Hasundgot gav ikkje opp, og etter mange sjansar fekk Bjørnar ballen på 16 meteren, drog av ein mann og satt ballen i høgre hjørne. Laget fekk trua, og adrenalinet steig og iløpet av dei 7 neste minutta var kampen snudd.

Hasundgot med corner, Henrik legg inn, og Erik flyg høgast og stangar inn 2-2. 3 minutt seinare slår Robin inn til Simon som skyt ballen i mål frå 18 meter, fin og viktig skåring! Kampen var snudd!

Dei siste minutta var det mange bytter og kampen ebba ut i ein fortent Hasundgot siger, det må også nemnast at Hasundgot fekk to mål annullert for offside, Tore og Henrik, dessverre tel ikkje disse ( Henrik sitt var ikkje offside).

Det er viktig å vinne på ein dårleg dag, og 3 nye poeng!

Heder:
*Henrik
*Bjørnar
*Robin