Hasundgot – Larsnes/Gursken2 5-1

Storsiger mot Larsnes/Gursken sitt andrelag.

12.05.2011

Mål: Sveinar x 2, Bjørnar x 2 og Erik x 1.

Tropp: Joakim Rødven, Ruben Muren, Markus Skeide, Audun Wingsternes, Lars Tore Garshol, Bjørnar Gjerde, Simon Sundal, Joakim Skarbø, Tore Romestrand, Sveinar Øvrelid, Erik Hasund, Robin Vågeskar, Kim René Vågeskar, Mats Bigset, Marius Vartdal, Henrik Roppen og Aleksander Strand.

Startoppstilling:
Keeper: Joakim R.
Forsvar: Ruben – Markus – Audun – Lars Tore
Midtbane: Bjørnar – Simon – Joakim S.
Angrep: Erik – Sveinar – Tore

Bytte inn/ut:
Robin/Lars Tore
Kim René/Ruben
Mats/Joakim S.
Henrik/Sveinar
Aleksander/Erik
Marius/Tore

Kampreferat:

Torsdag 12. mai var dagen då den 2. serierunda vart sparka i gong på Hasundgot stadion, men runda starta allreie måndag då Bergsøy tok imot Gjerdsvika i Fosnavågen, ein kamp Bergsøy vann utrulege 10-0.

I dag var det altså eit ungt Hasundgot mot eit enda yngre Larsnes/Gursken 2, dette måtte bli ein jamspelt kamp, noko Hasundgot spelarane skulle klare å motbevise, for eit heiltent Hasundgot var klar for å fortsette seiersrekka, og dei gjekk ut i hundre då dommar Dag Harald Moldskred blåste for avspark.

Kampen starta med mykje kriging på midtbana, og det var få sjansar dei første 10 minutta, men etter 14 slår Erik ei kjempe pasning i bakrom til Sveinar som starta perfekt, og aleine med keeper gjorde han ingen feil, 1-0.

Det gjekk ikkje monge minutta før Hasundgot fekk eit frispark på ca. 20 meter. Bjørnar skaut, og på returen stod det tre Hasundgot spelarar klar til å få ballen over streken, men målet vart annullert for ein offside.

MEN etter 27 minutt skulle vi få 2-0, Joakim R. plukka eit innlegg, trillar ut til Bjørnar som er på full fart framover, han slår ei glimrande pasning i bakrom mot Erik, han spelar ballen inn til Sveinar, og nok ein gong set han den sikkert i mål, 2-0.

Det unge LGFK2-laget prøvde å spele fin fotball langs bakken, men Hasundgot spelarane jobba hardt ilag, og gav dei lite tid og rom. Noko som resulterte i at vi ofte vann ballen i gunstige posisjonar, og gav oss gode overgongar.

I det 37 minutt førte dette til ein corner frå venstre, den blei svinga inn i feltet, og etter mykje klabb og babb, banka Erik den i mål til 3-0, som også var resultatet til pause.

I andre omgang skulle Hasundgot fortsette å prege kampen, noko vi også gjorde dei første halvdelen av omgongen. Det gjekk ikkje mange minutta av andre omgong før Tore vart felt innanfor 16-meteren av ein utrusande keeper, og dermed straffe. Den satt Bjørnar sikkert til høgre i mål, medan keeper forsvann andre vegen, 4-0.

Hasundgot hadde lyst på fleire mål og fortsatte presset, og i det 65. minutt kom ballen trillande ut på 20 meter, der stod Bjørnar og satt sitt andre mål for dagen, 5-0.

Det vart etter kvart mange slitne bein ut på bana og Joakim S. måtte etter kvart berast av bana av to lagkameratar grunna krampe, og då kom det mange bytte på begge lag, og spelet vart ganske oppstykka.

Mot slutten av kampen skulle det unge LGFK2-laget få trøstemålet sitt, og det var av det fine slaget, eit fint angrep vart avslutta med at ballen kom trillande ut på 20 meter, der klinka ein LGFK2-spelar ballen i nota bak ein sjanselaus Joakim R. som elles hadde ein ganske so roleg dag på ”jobben”.

Då Dag Harald Moldskred blåste i fløyta stod det heile 5-1 til Hasundgot og seiersrekka kunne fortsette.

Elles so skal forsvaret ha ros for at dei var pottetett bakover leda av vår ”unge” kaptein Audun Wingsternes, og målet som vi slapp inn kom grunna slitne midtbanespelarar som ikkje klarde å ta returløpa som dei skulle mot slutten av kampen.

Alt i alt ein vel fortent siger!

Heder:
Bjørnar**
Audun*
Markus*