Gjerdsvika/Moltu – Hasundgot 1-3

Overbevisande borteseier mot GIL/MIL.

06.06.2011

Mål: Robin, Simon og Daniel

Tropp: Joakim Rødven, Robin Vågeskar, Audun Wingsternes, Terje Longva, Larst Tore Garshol, Bjørnar Gjerde, Simon Sundal, Olav Hofseth, Daniel Hatløy, Tore Romestrand, Erik Hasund, Vegard Sundgot, Sveinar Øvrelid, Mats Bigset, Svein Eirik Ertesvåg, Marius Vartdal, Markus Skeide og Ruben Muren.

Lagoppstilling:
Keeper: Joakim R.
Forsvar: Robin – Terje – Audun – Lars Tore
Midtbane: Bjørnar – Simon – Olav
Angrep: Erik – Tore – Daniel

Bytte inn/ut:
Ruben/Lars Tore
Markus/Audun
Mats/Simon
Marius/Olav
Vegard/Erik
Sveinar/Tore
Svein Eirik/Bjørnar
Simon/Daniel

Mandag 06. juni vart den siste kampen i den 4.runda av 5. divisjon avd. 1 blåst i gong mellom Gjerdsvika og Hasundgot på Storøyra Stadion.

Bortelaget gjekk rett i angrep og blei der heile 1.omg, men det skulle gå heile 30 minutt før det første målet kom, og då det først kom var det ei klasseskoring. Frå 24 meter knalla Robin ballen heilt oppe i det høgre krysset for keeperen til Gjerdsvika, og han var sjanselaus, 0-1 Hasundgot.

10 minutt seinare kom Hasundgot med eit flott ein-touch-spel, og vips so var Simon aleine med keeper, og han gjorde ingen feil, 0-2, som også stod seg til pause.

I pausa vart Hasundgot einige om å fortsette å spele like bra som i 1.omg, og det var ikkje spelt meir enn 1 minutt av 2. omg før Erik heada eit innlegg frå Tore rett i stonga, uheldig at det ikkje stod 3-0.

Hasundgot fortsatte og presse og etter 65 minutt kom 0-3, Mats med ei silkepasning til Vegard, som igjen slo inn til Daniel på bakre stolpe, og då kunne ikkje ein so god spelar som Daniel bomme, og 0-3.

Mot slutten av kampen vart kampen prega av monge duellar på midtbana og då også stygge duellar som det ofte blir når Gjerdsvika er motstandar, og ei gjørmete grasmatte gjorde saka ikkje noko betre.

Det såg lenge ut som om Hasundgot skulle sikre seg sin første smultring i målprotokollen, men då det gjenstod 3 minutt fekk Gjerdsvika ein corner, den vart slått inn i feltet, og ein elles feilfri Joakim var uheldig og feilberegna ballbana, og ballen kunne dermed headast inn i det tomme målet. 1-3.

Dette vart også slutt resultatet. Det må også nemnast at Hasundgot gjorde monge bytte frå pause og utover i 2.omg, fordi dei har ein kamp mot ÅVK allereie på Torsdag, Hasundgot vart også snytt for eit straffespark på stillinga 0-0.

Heder:
**Terje
*Bjørnar
*Olav
*Robin