Hasundgot – Bergsøy2 6-2

Fantastisk lagseier mot Bergsøys andrelag!

05.09.2011

Mål: Georg x 3, Sveinar, Vegard og Robin

Tropp: Joakim Rødven, Robin Vågeskar, Markus Skeide, Terje Longva, Martin Longva, Erik Hasund, Simon Sundal, Ruben Muren, Joakim Skarbø, Georg Aursnes, Sveinar Øvrelid, Fredrik Sundal, Vegard Sundgot, Svein Eirik Ertesvåg, Kim Rene Vågeskar, Tore Romestrand, Marius Vartdal og Lars Tore Garshol.

Laget:
Keeper: Joakim R.
Forsvar: Robin – Markus – Terje – Martin
Midtbane: Erik – Simon – Ruben – Joakim S.
Angrep: Sveinar – Georg

Det var en høgt motivert gjeng som gjekk på bana i dag etter det håplause tapet borte mot L/G 2 sist veke.

I dag var det nok eit andrelag som stod på motsatt banehalvdel. Det var på forhand varsla at dei kom til å stille med eit par av storkanonene sine men vi var enige om å gå ut på bana å spele vårt spel.

Vi gjekk ut i hundre fra avspark og før det hadde gått 10 minutt leda vi 3-0! 1-0 ved Georg kom etter omtrent 30 sekund etter avspark. 2-0 kom ca 4 minutt seinare når Georg plasserte seg godt i felte og fekk stonga inn sitt andre, på dagens første corner.

3-0 kom også etter ein corner der Sveinar var på rett plass til rett tid inne i feltet. Etter det målet roa det seg litt ned på målfronten for ei stond før Georg satte inn sitt tredje for dagen når vi hadde spelt ca 40 minutt av første omgong.

Det var også resultate til pause.

Og stillinga vart stånde eit godt stykke ut i andre omgong. Då reduserte Bergsøy til 4-1, men vi gjekk då rett i angrep og Vegard kom åleine med keeper å trilla ballen elegant til side for keeper til 5-1.

Den neste som stod for tur var Robin, etter flott spel fra Hasundgot enda ballen opp med Robin rett framfor mål.

Han var litt uheldig når han skulle avslutte på første touch, men det heile vart ei fantastisk skuddfinte som sendte keeper og forsvarar nærmast opp på Høgåsen før dei skjønte ka som hadde skjedd, og Robin fekk ei enkel oppgåve å trille inn Hasundgot sitt siste mål til 6-1. Bergøy fekk inn ei ekstra redusering på overtid slik det enda 6-2 men det betyr ingenting.

Seier, 3 poeng og flott fotball på Hasundgot!

Heder:
*Ruben
*Georg
*Joakim R.