Emblem – Hasundgot 3-0

Då var årets utgåve av 5.divisjon i gang for Hasundgot a-lag.

5.-divisjonsrunde 1
Kampfakta Emblem – Hasundgot 3-0 (2-0)
Emblem stadion KGB Ca. 20 tilskodarar
Dommar: Mathias Mo, Spjelkavik IL Fotball – middels

Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven – Robin Vågeskar, Terje Longva, Kurt Søvik, Lars Tore Garshol – Markus Skeide, Trond Haugland, Ruben Muren – Erik Hasund, Tore Romestrand, Marius Vartdal
Inn: Steffen Gjerde, Svein Eirik Ertesvåg, Mats Bigset

Kampen: Hasundgot fekk ein uheldig start på kampen då dagens kaptein Ole Magnus Melchior fekk ei strekkskade under oppvarminga.

Etter avspark tok det lang tid før nokon av laga kunne notere seg dei heilt store sjansane . Første halvdel av omgangen var hovudsakleg ein stillingskrig sentralt i bana med mange tøffe duellar.

Gjennombrotet kom frå heimelaget dryge 25 minutt ut i kampen. Eit innlegg frå høgresida trefte ein umarkert angripar som stanga inn leiarmålet.

Emblem fekk seinare i omgangen ei skåring annullert for offside, og like før pause la heimelaget på til 2-0 etter enda eit angrep på høgresida.

I pausen fekk Hasundgot ny giv, og gav vertane ein jamn kamp i andreomgang. Det gav likevel ikkje utteljing i skåringar. Mot slutten av kampen tildelte dommaren Emblem eit diskuterbart straffespark, men forsøket gjekk i stolpen.

Det siste målet i kampen kom berre nokre minutt før kampslutt då heimelagets angripar vart spelt enkelt gjennom Hasundgot-forsvaret.

Heider
Terje Longva***
Kurt Søvik**
Markus Skeide*