Hasundgot – Bergsøy2 1-4

Heimetap mot Bergsøys andrelag.

5.-divisjon, runde 4
Kampfakta
Hasundgot – Bergsøy2 1-4 (0-0)
Hasundgot kunstgras
Ca. 25 tilskodarar
Mål Hasundgot: Vegard Sundgot
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL

Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven – Robin Vågeskar, Terje Longva, Kurt Søvik, Lars Tore Garshol – Lars Henrik Hasund, Trond Haugland, Markus Skeide – Erik Hasund, Georg Aursnes, Ole Magnus Melchior
Inn: Joakim Skarbø, Ruben Muren, Vegard Sundgot

Kampen: Hasundgot hadde mykje å revansjere etter 3-2-tapet mot Åheim førre helg. Likevel tok det ei god stund før heimelaget klarte å skape sin første store målsjanse mot Bergsøy2.

Om lag midtvegs i førsteomgang lada Trond Haugland kanonen frå om lag 25 meter og ballen small i tverrliggaren. Returen hamna hjå ein offsideplassert Georg Aursnes som trudde han hadde skåra kampens første mål.

Utover denne annulleringa var det berre nokre få halvsjansar å notere seg før pausen. I andreomgang skulle det derimot losne. Tidleg i omgangen fekk bortelaget sendt i veg eit skot utanfor sekstenmeteren til Hasundgot, og ballen suste fordi keeper.

Dette utløyste ein ketsjupeffekt for herøyværingane som la på til både 0-2 og 0-3 like etter. Innbytar Vegard Sundgot gav vertane eit glimt av håp då han på elegant vis saksesparka inn reduseringa om lag ti minutt før full tid.

Håpet vart dessverre kortvarig ettersom ein uheldig Lars Tore Garshol heada ballen forbi eigen keeper nokre minutt før dommaren blåste av kampen.

Hasundgot-trenar Vidar Ertesvåg meiner det var slurv som øydela kampen måndag.

– Vi enkelt og greitt litt slurvete i dag. Når dei får setje inn tre kjappe mål, samtidig som vi ikkje set våre sjansar, så blir kampen som den blir, fortalde Ertesvåg etter kampen.

Markus Skeide***
Lars Henrik Hasund**
Vegard Sundgot*