3. desember 2021

Hasundgot – Vartdal 3-3

Første kamp på heimebane og eit steg i rett rettning.

5.-divisjon, runde 2

Kampfakta Hasundgot – Vartdal 3-3 (2-1)
Hasundgot kunstgras
Ca. 30 tilskodarar
Mål Hasundgot: Georg Aursnes, Trond Haugland, Marius Vartdal

Dommar: Palmar Blindheim, Blindheim IL

Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven – Robin Vågeskar, Terje Longva, Kurt Søvik, Steffen Gjerde – Ruben Muren, Trond Haugland, Markus Skeide – Erik Hasund, Georg Aursnes, Tore Romestrand
Inn: Mats Bigset, Simon Sundal, Marius Vartdal, Vegard Sundgot

Kampen: Sesongens første heimekamp for Hasundgot starta forholdsvis roleg, og opninga var prega av ein del slurvefeil hjå begge laga.

Om lag eit kvarter ut i førsteomgangen gjekk gjestane opp i leiinga etter eit innlegg frå høgresida. Skåringa førte til at Vartdal trekte seg lenger bak på bana, noko som skapte rom for vertane.

Det lønte seg etter ein dryg halvtimes spel etter at Kurt Søvik fann ein umarkert Georg Aursnes inne i feltet som heada ballen sikkert i mål.

Snuoperasjonen vart ein realitet eit par minutt før pause då Trond Haugland plukka opp ein retur og hamra ballen forbi ein utspelt Vartdal-keeper.

Etter pause kom to heilt nye lag på bana, og begge laga ynskte å få kampen i sitt spor. Midtvegs ut i andreomgang brukte innbytar Marius Vartdal berre nokre få minutt på å skåre mot sine gamle lagkameratar.

Då svara bortelaget med å kaste alle mann i angrep, og i løpet av kort tid spelte dei seg farleg frampå ved fleire høve.

Reduseringa til 3-2 kom etter nok eit innlegg frå høgresida, noko som gav blod på tann hjå bortelaget.

På overtid kom til slutt ei fortent Vartdal-utlikning. Trenar Vidar Ertesvåg fortalde etter kampen at sjølv om det berre vart eitt poeng mot Vartdal, var det eit stort steg i rett retning i forhold til 3-0-nederlaget førre runde.

Heider
Kurt Søvik***
Terje Longva**
Joakim Rødven*