Stordal med kontrollert siger på Kirkebø stadion.
5.-divisjon, runde 5
Kampfakta
Stordal – Hasundgot 4-0 (3-0)
Kirkebø stadion
75 tilskodarar
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL
Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven – Mats Bigset, Terje Longva, Kurt Søvik, Lars Tore Garshol – Lars Henrik Hasund, Ruben Muren, Markus Skeide – Tore Romestrand, Ole Magnus Melchior, Vegard Sundgot
Inn: Erik Hasund, Robin Vågeskar, Marius Vartdal, Svein Eirik Ertesvåg
Kampen: Det var topp mot botn på Kirkebø stadion sist onsdag, og det var vertane frå Stordal som skulle ta det første stikket.
Berre fire minutt ut i kampen spelte Stordal seg gjennom på høgresida og innlegget trefte ein umarkert Kjetil Tøsse som sette ballen kontrollert i mål.
Hasundgots Kurt Søvik stanga litt seinare ballen i mål frå eit hjørnespark, men nettkjenninga vart ikkje godkjent grunna dytting i feltet.
Tøsse var nok ein gong frampå i det 15. minuttet og auka leiinga til 2-0 med eit velplassert skot. Denne gongen kom skåringa etter eit angrep frå venstresida.
Like før pause gav Hasundgots keeper ein retur på eit skot frå kloss hald. Returen hamna hjå Kenneth Søvik som hamra ballen inn til 3-0 og fastsette med dette pauseresultatet.
I andreomgang kunne Hasundgot ha redusert både to og tre gongar, men det ville seg ikkje framfor mål.
Når Stordal la på til 4-0 etter ein snau time, var kampen så å seie over og begge laga var tydeleg prega av varmen.
Terje Longva ***
Kurt Søvik **
Ruben Muren *