Sesongstarten har gått som smurt, og med 10 poeng på dei første fire kampane kunne vi ikkje vere noko anna enn godt nøgde. Dessverre kjem det ofte ein slutt på alt godt.
Måndagens oppgjer mot Gjerdsvika skulle bli slutten på den «unbeaten» rekkja med tre sigrar og eitt uavgjort så langt i 2016.
Etter ein jamn 1. omgang som kunne ha gått begge vegar, gjekk vi til pause på stillinga 0-0. Begge lag hadde gode mogelegheiter til å ta leiinga før pause, men ingen av laga makta å få ballen over streken.
Det ville derimot Georg Olsen gjere noko med etter kvilen. Med eit enormt soloraid kontra spissen Gjerdsvika i senk, og plasserte kontrollert inn 1-0 på Hasundgot stadion.
Innbytar Halvor Mjøen Berg ønskte å halde fram den gode scorings forma si litt seinare, men denne gongen stod stolpen i vegen – keeper slo den unna. Men på returen var Erik Hasund våken, og pirka ballen inn til 2-0.
Då trudde vi nok at poenga var i boks, for då slokna mykje av spruten. Gjerdsvika fekk først ei redusering etter å ha snappa ballen på vår høgreside, før dei seinare utlikna til 2-2 etter eit innlegg på venstresida.
Då vart det eit jag frå begge lag om å få den avgjerande scoringa. Etter eit nytt angrep mot vår høgreside fekk gjestene slått inn foran mål og der sat dessverre ballen i mål.
Vi noterer oss derfor første tap på fem kampar, men vi skal prøve så godt vi kan å kome tilbake på vinnarsporet igjen mot Hareid II om ei vekes tid.
KAMPFAKTA
6.divisjon avd. 1
Hasundgot – Gjerdsvika 2-3 (0-0)
Hasundgot stadion
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Hødd IL
Mål HIL: 1-0 Georg Olsen 2-0 Erik Hasund