Med eit ønskje om å avslutte vårseongen på best mogleg vis, var det tre poeng som var målet då Hasundgot gjesta dei flotte fasilitetane på Havila stadion i Fosnavåg måndag kveld. Det skulle vise seg å bli ein svært spanande kamp for dei dryge 20 tilskodarane på tribunen.
Bergsøy tok leiinga allereie etter fire minutt, då Peter Daniel Baade smatt forbi i midten, runda av keeper og sette ballen sikkert i målet. Men Hasundgot slo tilbake med ein gong. På eit hjørnespark var Ruben Muren tøffast i feltet, og stussa inn sitt tredje mål denne sesongen.
Vertane tok på nytt leiinga i det 20. speleminuttet. Etter eit angrep på Bergsøys venstresida stoppa keeper Joakim Rødven eit skot frå kloss hald, men på returen fekk Baade stå åleine og heade inn eit nytt leiarmål for kvittrøyene.
Vi slo derimot tilbake endå ein gong berre fem minutt seinare. Lynkjappe Georg Eikrem Olsen fekk rom til å springe i bak Bergsøy-forsvaret, og med ein keeper på halvdistanse såg han sitt snitt til å drible av keeper på høgresida. Den tidlegare Hareid-spelaren hadde då ingen problem med å setje inn 2-2!
Men, med halvtimen spelt, fekk Bergsøy tildelt eit kontroversielt straffespark. Lars-Henrik Hasund utførte det som såg ut som ei hard, men perfekti «time’a» takling, men Bergsøy fekk likevel sjansen frå 11-metersmerket. Den sette kaptein Lasse Myrhol sikkert i nota.
Olsen var derimot ikkje interessert i å gå til sommarferie med tap i siste vårkampen. Fem minutt før pause flikka Olsen ballen på «Zlatan-style» i mål etter ein ny corner – hans femte mål for sesongen!
Like seinare snudde Sebastian Moldskred Kleven kampen på hovudet då han såg moglegheita til å teste skotfoten frå distanse, og ballen fauk rett i mål bak Bergsøy-keeperen. 4-3 til Hasundgot!
Den andre omgangen var det hovudsakleg å halde Bergsøy under kontroll som var hovudfokus, og behalde leiinga så lenge som mogleg. Det varte dessverre ikkje meir enn dryge ti minutt. Eit gjennomspel i midten gjorde at heimelagets Gustav Pettersen runda keeper Rødven, og sette ballen kontrollert i det opne buret.
Det såg lenge ut til at det skulle bli poengdeling i Fosnavåg, men ti minutt før full tid utnytta Bergsøy ein feil i Hasundgots forsvar – og på bakarste stolpe stod Pettersen igjen og sette inn den avgjerande scoringa til 5-4.
Eit sviande resultat, i ein kamp tre poeng absolutt var innanfor rekkjevidda vår. At vi ikkje fekk med oss i det minste eitt poeng var særs skuffande. Vi tek derimot med oss at vi slo tilbake snudde kampen etter å ha lege under tre gonger! Det er ein sterk prestasjon av gutane!
No vert det sommarpause til 16. august – då tek vi imot Moltustranda på Hasundgot kunstgras. Vi gler oss allereie!!
God sommar!
KAMPFAKTA
6.-divisjon, avd. 1
Bergsøy 2 – Hasundgot 5-4 (3-4)
Havila stadion
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
Gult kort: Sebastian M. Kleven, Mats Bigset
MÅL: 1-0 Peter Baade (4), 1-1 Ruben Muren (5), 2-1 Baade (20) 2-2 Georg E. Olsen (25), 3-2 Lasse Myrhol (32, str), 3-3 Olsen (40), 3-4 Sebastian M. Kleven (43), 4-4 Gustav Pettersen (55), Gustav Pettersen (80)