Jørgen scora i debuten

141903_thumbFredag kveld tok herrelaget i mot Hareid 2 til ein siste test før vi startar opp haustsesongen. Debutant Jørgen Kleive var med på å sikre sigeren.

På grunn av at Langevåg 2 har trekt laget sitt frå årets 6.-divisjon, og at kampen mot Moltustranda vart utsett til seinare ut på hausten, blir Hasundgots første kamp i haustsesongen først mot Sæbø førstkomande måndag.

Før den tid var Hareid 2 «sporty» og stilte til ein treningskamp mot oss fredag kveld.

Kaptein i første omgang, Ruben Muren, sørgja for ein pangstart då han plasserte ballen lekkert i det lengste hjørnet berre nokre få minutt ut i kampen.

Leiinga heldt seg eit godt stykke ut i andre omgang, men nullen sprakk dessverre då ein Hareid-spelar fekk stussa inn eit frispark (som sneik seg heilt inn under tverrleggjaren).

Det var derimot Hasundgot som fekk med seg sigeren frå generalprøven før ein tøff bortekamp mot Sæbø om berre tre dagar. Etter ei mønsterkontring fekk nysigneringa Jørgen Kleive, som har flytta til Ulsteinvik frå austlandet, æra av å setje inn sitt aller første mål i Hasundgot-trøya – i sin første Hasundgot-kamp! Gratulerer!

Like etter ville Cato Veien feie all tvil til side, og lobba frekt inn 3-1. Det punkterte ein elles jamspelt kamp, der Hareid II like gjerne kunne ha scora 1-2 mål til. Takka vere nokre gode keeperredningar i første omgang og ein lang keeperhanske i andre omgang vart det berre med det eine baklengsmålet.

Vi ser derfor fram til å bryne oss på poeng igjen. Etter seks spelte kampar må poengplukkinga starte igjen, ettersom vi med ein eller to kampar mindre spelt enn dei andre laga ligg nest sist på tabellen med åtte poeng. Serieleiar Gjerdsvika (med to kampar meir spelt) har samla 18 poeng.

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Hareid II 3-1 (1-0)
Hasundgot kunstgras
MÅL: 1-0 Ruben Muren, 1-1 dødballmål, 2-1 Jørgen Kleiven, 3-1 Cato Veien

HIL: Kim Hansen – Tor Wigg, Simon Spjutøy, Arve Vestnes, Øystein Lydersen – Ruben Muren, Cato Veien, Sebastian Kleven – Nikolai H. Molvær, Georg Olsen, Anders Gjerde

Inn: Joakim Rødven, Jørgen Gjerde, Daniel Muren, Mats Bigset, Jørgen Kleiven, Svein Eirik Ertesvåg