Serien vart sparka igang igjen på Sæbø, men vertane beheldt alle poenga.
Med unntak av treningskampen mot Hareid II før helga, har a-laget ikkje plukka ein trepoengar sidan 3-1-sigeren mot Tjørvåg 30. mai. Sidan då har det enda med to bitre tap mot høvesvis Gjerdsvika og Bergsøy II – med ei poengdeling med nettopp Hareid II i mellom dei to kampane.
Måndag kveld kom dessverre eit nytt tap, mot berga 3-3 i sluttminutta då laga møttest på Hasundgot kunstgras tidlegare i år.
Denne gongen var det vertane som tok første stikk, etter at ballen sneik seg inn i nærmaste hjørne etter eit angrep frå Sæbøs Marius Riise drog seg inn frå høgre.
Daniel Muren sørgja derimot for balanse i rekneskapet ikkje lenge etter. Etter godt angrepsspel kunne venstrekanten enkelt setje inn ei «tap in»-scoring, då han omsette eit innlegg frå høgre i mål.
Leiinga heldt derimot ikkje lenge. Fem minutt før pause plukka Ronnie Furset opp ein retur frå ei god redning av keeper Kim Hansen, som dessverre var sjanselaus på forsøk nummer to. Heimelaget leia dermed 2-1 halvvegs.
Første omgang bølgja bra fram og tilbake, men etter pause sleit Hasundgot med å finne rytmen og flyten i spelet. Men det skulle bli like mange mål også etter sidebytet.
Sæbø la først på til 3-1 ved Jogeir Vassbotn, men Georg Olsen skapte ny spenning i kampen mot slutten då han etter eit fantastisk soloraid fekk pirka inn ei ny redusering. Dessverre var det vertane som hadde mest å gi mot slutten, og Terje Øye punkterte kampen dryge 4-5 minutt før full tid.
Forhåpentlegvis klarer vi å mobilisere til haustsesongens første heimekamp mot Tjørvåg – no treng vi ein siger!!
KAMPFAKTA
6.divisjon, avd. 1
Sæbø – Hasundgot 4-2 (2-1)
Sæbø kunstgras
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
MÅL HIL: 1-1 Daniel Muren, 3-2 Georg Olsen
Laget: Kim Hansen – Simon Spjutøy, Jørgen Gjerde, Arve Vestnes, Øystein Lydersen – Ruben Muren, Cato Veien, Sebastian Kleven – Anders Gjerde, Georg Olsen, Daniel Muren
Benken: Joakim Rødven, Mats Bigset, Nikolai Molvær, Marius Vartdal, Jørven Kleiven