Siger mot Gjerdsvika og Moltustranda

Etter ei sigerslaus rekkje sidan 30. mai losna det til slutt då vi tok turen til Gjerdsvika på søndag.

Sjølv om vi hamna under 2-0 før det var spelt 20 minutt slo vi først tilbake til 1-2 ve Cato Veien, før same mann også reduserte til 2-3 tidleg i andre omgang.

Vertande heldt på leiinga til det stod att 20 minutt, men då fekk Sebastian Moldskred Kleven nok. Midtbanespelaren utlikna då til 3-3, før han sikra sigeren dryge fem minutt før full tid.

Ein knusande god andreomgang sørgja derfor for tre svært etterlengta poeng inn mot tabelljumbo Moltustranda i kveld, onsdag.

Det skulle derimot ikkje vise seg å vere ei seig nøtt å knekke. Moltustranda tok leiinga på eit frispark midtvegs ut i omgangen, og i ein omgang der vi ikkje lukkast heilt med å finne kvarandre var det defintivt rom for forbetring.

Med 0-1 å hente inn at i andre omgang vart det gjort tre byte i pausen, som sette nye krefter til verks. Det gav også effekt med ein gong.

Innbytar Daniel Muren utlikna til 1-1, før Marius Vartdal heada inn 2-1 ikkje lenge etter. Derfrå og ut var det stort sett eitt lag på banen.

Georg Eikrem Olsen auka til 3-1 (etter å ha plukka opp returen på sitt eige straffespark), før Daniel (x2), Sebastian og Øystein Lydersen (x2) alle teikna seg på scoringslista.

Sluttresultatet stoppa dermed på heile 8-1, i ein kamp som verkeleg levde opp til fotballmetaforen «ein kamp med to omganger».

Neste test er mot tabellnabo Hareid 2 allereie på måndag, der det blir ein hard kamp om å ta eit steg vekk frå nest sisteplass.

**

Laget mot Gjerdsvika: Kim Hansen – Øystein Lydersen, Simon Spjutøy, Arve Vestnes, Svein Eirik Ertesvåg – Daniel Muren, Rub Muren, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær – Cato Veien Jørgen Kleiven

Benken: Tor Wigg, Mats Bigset, Steffen Garnes

**

Laget mot Moltustranda: Joakim Rødven – Marius Vartdal, Steffen Garnes, Lars Henrik Hasund, Jan Robin Haraldsvik – Anders Gjerde, Mats Bigset, Sebastian Kleven, Ole Kristian Skoge – Cato Veien, Georg Olsen

Benken: Arve Vestnes, Tor Wigg, Simon Spjutøy, Ruben Muren, Daniel Muren, Mats Bigset, Øystein Lydersen