Til tross for ei solid opphenting etter pause, enda det med eit knipent tap mot Hareid 2.
Det vert alltid litt ekstra som står på spelt når Hareid 2 står på motsett banehalvdel. Med ein ambisjon om å følgje opp resultatet i treningskampen mot hareidsdølane tidlegare i haust (3-1).
Gjestene frå den andre sida av Eidet var derimot kvassast i innleiinga. Allereie ti minutt ut i kampen snappa Kevin Øvrelid ballen og sette inn 1-0 for Hareid. Rett før pause skulle derimot utlikninga endeleg kome.
Etter eit innkast fekk Cato Veien stussa ballen gjennom på høgresida. Ballen vart så slått inn i feltet, der Sebastian Kleven stod på rett plass til rett tid og sette kontant inn 1-1 på Hasundgot kunstgras.
Bortelaget tok derimot leiinga på nytt før timen var passert. På eit hjørnespark makta ikkje forsvaret å få klarert ballen, og Håvard Bjåstad sende Hareid på nytt i føringa. Dryge 14 minutt seinare auka gultrøyene til 3-1 ved Odd-Magne Brandal – nok ein gong etter at ein dødball ikkje vart klarert.
Men då vakna kvittrøyene. I det 74. speleminuttet, berre få straksar etter Hareids siste scoring, fekk Ruben Muren redusert til 2-3. Det tende eit nytt håp i Hasundgot-leiren, og like etter stod det jamen 3-3 etter at Sebastian sette inn sitt andre for kvelden etter eit langskot.
På det tidspunktet såg det ut til at vertane skulle ta med seg alle poenga, eller i det minste eitt, men fem minutt før full tid Martinius Bakken akkurat for rask for Hasundgot-forsvaret og sette inn kampens siste scoring; 4-3.
Kampen fekk også ei lei avslutning då ei amper stemning førte til to direkte raude kort, eitt til vår eigen Lars-Henrik Hasund og eitt til Hareids målscorar Håvard Bjåstad. Hasund tok derimot på seg ansvaret for draktvasken til neste kamp (som han rett nok må sjå frå tribuneplass) som intern straff.
Sesongen vert avslutta neste måndag (allereie) mot Bergsøy 2. Der har vi mykje å ta att frå eit veldig bittert tap i vår. Den gongen vart det ein målrik kamp med totalt ni mål, fire av dei til oss. Vi gler oss allereie!
*
KAMPFAKTA
6.-divisjon, avd. 1
Hasundgot – Hareid II 3-4 (1-1)
Hasundgot kunstgras
MÅL HIL: Sebastian Kleven (2), Ruben Muren
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy IL
Laget: Kim Hansen – Marius Vartdal, Arve Vestnes, Lars-Henrik Hasund, Svein Eirik Ertesvåg – Øystein Lydersen, Ruben Muren, Sebastian Kleven, Jørgen Kleiven – Cato Veien, Daniel Muren
Benken: Joakim Rødven, Tor Wigg, Nicolai Molvær, Anders Gjerde, Georg Olsen