Potetball
Aksel Tingvoll er utdanna kokk og oppvoksen her på Sundgot.Han vil lage heimelaga ball med tilbehør til oss. Ball med saltkjøt, pølse el mør, samt gulrot og rabbe.Surmjølk/søtmjølk til drikke.
Matserveringa vil foregå inne i salen frå kl 13.30 -17.00. Pris kr 150 for voksne.kr 100 for barneporsjon.
Rebusløp
Løypa foregår i nærorådet til klubbhuset og er for førskulebarn og familiane deira.Det er 5-6 postar med ulike oppgåver.Kvar post har sin bokstav som tilslutt skal utgjere eit ord.
Start kl 14.00 ved teltet
Alle barna får utdelt nummerskilt og medalje etter løpet.
Ta med deg mamma,pappa,besta/besten og bror/søster og kom !
Gateløp
1-4 klasse og 5-7 klasse. To klassetrinn stiller i samme pulje. To korte løyper i nærområdet HIL og byggefelta rundt.
Start kl 15.00 med påmelding 1 t før – ved kioskluka.
Medaljer til alle deltakarar.Ta med deg nokre vennar og kom !
Mesternes mester
Lagkonkurranse / individuelt ved Hasundgot Stadion.
For ungdom/ voksne. Gratis – max 24 personar
Vi oppfordrar også jenter til å melde seg på.
Påmelding – post@hasundgot.no – Frist innan 20/10
Jubileumsfest på klubbhuset
Det vert markering av jubileumet på kvelden frå kl 21-02.00.Aldersgrense 18 -100 år.
Festen vil foregå både på klubbhuset og i teltet. NB Teltet er oppvarmet.
Det vert høve til å få kjøpt seg ein matbit, og det vert litt program.(quis og film/bilder).
Trubadur: Eivind Johansen frå Ålesund.
Påmelding til post@hasundgot.no el 915 77 715 innan 20.10. Først til mølla prinsippet.
Betaling kan skje via app,etter at du har fått bekrefta plass/bilettar.Eller på klubbhuset onsdag 19/10 kl 20-21.
Pris kr 100 pr pers.
Program finn du her.