To sølv i årets Odden-cup

I helga deltok heile tre Hasundgot-lag på den årlege Sparebanken Møre breiddecup, eller også kjend som Odden-cup. Medan herrelaget stilte med to lag, Hasundgot Kvit og Hasundgot Raud, deltok damelaget med eitt lag.

For Hasundgot Kvit starta turneringa svært bra, og tapte ikkje ein einaste kamp i gruppespelet. I sluttspelet leverte Kvit ein solid innsats, og det einaste laget som makta å slå laget i løpet av dei to turneringsdagane var ÅVK I, som vann knipent 1-0 i finalen!

Hasundgot Raud var også svært nære å ta seg vidare frå gruppespelet, men små marginar gjorde at det akkurat ikkje vart avansement. I den siste kampen mot Hareid vart det dessverre tap, og hareidsdølane gjekk vidare i staden for oss.

På damesida gjorde Hasundgot også ein kjempeflott innsats, og etter å ha slått ut Hødd sitt damelag gjekk vi til finalen mot Volda 1. I finalen måtte det ekstraomgonger til for å avgjere, og knipent vart det 1-0 til voldingane.

Vi er likevel godt nøgde med to sølv i turneringa! I tillegg fekk keeper Joakim Rødven (Hasundgot Kvit) prisen som beste spelar på herresida. Gratulerer!

Les meir om cupen på Vikebladet.no.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.