19. januar 2021

Hasundgot.no i ny drakt

Hasundgot IL har heilt sidan 2009 hatt same nettside, drifta av våre flinke kollegaer i Fantastiske Osberget. I vinter har vi derimot sett behovet for å fornye hasundgot.no, og saman med Fantastiske Osberget har vi utvikla ein ny portal som vi håper vil både vere meir «moderne», men også enklare å manøvrere seg gjennom.

For å skape mest mogeleg engasjement og flyt på den nye nettsida vår, set vi sjølvsagt veldig stor pris på å få tilsendt stoff som vi kan publisere. Om du har lyst å sende oss bilete, kampreferat eller andre tips, sjå kontaktskjema under kontakt-fanen som du finn i toppmenyen.

Les også: Tips til korleis skrive kampreferat!

Vi set også stor pris på tilbakemeldingar dersom du har kommentarar eller innspel til noko du saknar av informasjon. Då er det berre å sende oss ein e-post til redaksjon@hasundgot.no!

Den gamle sida kan inntil vidare framleis bli funnen her.

PS: Dei som tidlegare har hatt publiseringstilgang vil måtte opprette ny brukarkonto. Då kan du ta kontakt med vår nettredaksjonen for meir informasjon.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.