J16: Søkjer ny houvdtrenar for jentelaget

Lyst å bidra på treningsfeltet i aldersbestemt fotball? Hasundgot J16 søkjer ny trenar i teamet sitt.

I dag består trenarteamet hovudsakleg av foreldretrenarar, men laget ønskjer ein ekstra person til å ta hovudansvaret på teningsfeltet.

Vidar Gjerde seier at årets J16-lag består av ein superkjekk gjen frå både 2000- og 2001-kullet, og håper at nokon kan tenkje seg å bli hovudtrenar for denne gjengen.

– I tillegg er vi tre kjekke karar som stiller opp og hjelper til om det trengs, seier Vidar.

Om dette kan vere av interesse, ta gjerne kontakt med trenar Vidar Gjerde, leiar for fotballstyret Runar Muren eller sportsleg leiar Joakim Rødven.