Stiller ikkje med damelag i år

Dei siste to sesongane har Hasundgots damelag teke førsteplass og andreplass i kvinnenes 7-arserie. I 2015 vart det også kretsmeisterskapsfinale mot Guard (frå den andre avdelinga), som til slutt enda med to 2-10 og 3-6 tap for Hasundgot.

Tidlegare i vinter vart det ein solid sølvpokal til damene, etter at dei tok seg til finalen i «Odden»-cupen i Ulsteinhallen. Likevel blir det dessverre ikkje seriefotball på damene i år.

Ifølgje lagleiarane til laget var det ikkje nok spelarar til å stille lag denne sesongen, og det vart derfor bestemt at fotballåret 2017 blir eit pauseår for damelaget.

Ei lei nyheit, men vi håper at damene kjem enda sterkare tilbake i 2018!

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.