Styrkar trenarteamet på herrelaget

Gamal kjenning returnerer til engasjement i trenarteamet. I tillegg har vi fått på plass ein fysisk trenar i vinter.

For nokre år sidan var Vidar Ertesvåg hovudtrenar på herresida, men valde å ta seg ei pause etter 2014-sesongen.

Vidar er no tilbake i trenarteamet, og vil bli ein svært verdsett ressurs på treningsfeltet. Mannen med 43 kampar og fire mål for herrelaget, vil jobbe i team saman med hovudtrenar Lars Breivik.

I tillegg til Vidar har også Morten Knutsen blitt engasjert som fysisk trenar inn mot herrelaget. Morten skal i hovudsak bidra til å gjere laget best mogleg rusta for ein tøff og fysisk sesong i vente.

Etter berre ein månads tid ser treningsoppleget til Morgon verkeleg ser ut til å gi resultat på treningane. Vi ser spent fram mot sesongen som kjem!