Torsdag spelte herrelaget årets andre treningskamp – og årets første på heimebane. Motstandar for høvet var naboane våre frå Hareid, som alltid har eit element av spenning når vi møtest.
Etter først å ha skapt ein kjempesjanse tidleg i kampen, tok vi leiinga etter at eit langskot frå venstrekant Joakim Skarbø sneik seg inn forbi gjestenes keeper. Til og med ei scoring med «feil» fot!
Leiinga blei trygga med eitt ekstra mål då Cato Veien fekk sjansen frå straffemerket. Dommar Dag Harald Moldskred markerte for hands i Hareids 16-meter, og frå krittmerket gjorde Cato ingen feil. 2-0.
Berre nokre få sekund før pause fekk Hareid ei redusering, som kom som ei følgje av at vi ikkje fekk klarert unna eit frispark som hamna på bakaraste stolpe.
Og bortelaget heldt fram der dei sleppte taket i starten av andre omgang, og utlikninga kom så å seie rett etter avspark.
Siste ordet var derimot ikkje sagt i kampen, og etter å ha herja ute på høgrekanten (med to frekke tunnelar) slo Nicolai H. Molvær eit perfekt innlegg inn til Sebastian M. Kleven, som fekk ein enkel jobb med å setje inn kampens femte mål.
Det viste seg også å bli kveldens siste, og Hasundgot sikra seg sin andre siger på rad i vinterens sesonoppkøyring, etter at Tjørvåg vart slått 5-1 i førre veke.
Kampfakta
Treningskamp
Hasundgot – Hareid II 3-2 (2-1)
Hasundgot kunstgras
Mål: Joakim Skarbø 1-0, Cato Veien (str) 2-0, Sebastian M. Kleven 3-2
Dommar: Dag Harald Moldskred
Laget (4-3-3): Joakim Rødven (Kim-Rune Hansen, 46) – Simon Spjutøy, Arve Vestnes (Jørgen Gjerde, 46), Thomas Gjerde, Martin Ødegård – Nicolai H. Molvær, Ruben Muren (Marius Vartdal, 46), Sebastian M. Kleven – Daniel Muren (Svein Eirik Ertesvåg, 46), Cato Veien, Joakim Skarbø (Jørgen Kleiven, 46)
[Best_Wordpress_Gallery id=»6″ gal_title=»Herrekamp_20170216_Hareid_2″]