Til slutt kom årets første tap, etter at divisjonskollega Åmdal vart to nummer for store.
Kampen starta jamt på Legene, men etter ei brukbar periode smatt vertane gjennom i midten. Om det var offside eller ikkje skal ikkje kommenterast, men Åmdals angripar kom gjennom og plasserte ballen iskaldt i mål åleine med keeper.
Før pause dobla Åmdal leiinga til 2-0, etter at ein einsleg spiss fekk stå åleine framfor mål og plasserte inn eit nytt mål. Ballen vart spelt inn frå heimelagets venstreside, etter ei god gjennomført kontring.
Dessverre vart det også ein kalddusj tidlig i andre omgang, etter at ein corner blei pirka over streken.
Etter den tredje scoringa vart ikkje flyten i spelet så godt som vi ønskte, og det gjekk litt seint med Hasundgot. Eit lite lyspunkt var at lynkjappe Jørgen Kleiven noterte seg for ei flott scoring, etter å ha storma ned langs venstrekanten.
Ein kamp litt under pari, men no gjeld det berre å stå på og trene godt fram til årets siste treningskamp, mot ÅVK fredag 7. april!
Kampfakta
Treningskamp
Åmdal – Hasundgot 3-1 (2-0)
Legene kunstgras
MÅL: Jørgen Kleiven 1-3
Dommar: Richard Olsen
Laget: Joakim Rødven (K) – Martin Ødegård, Thomas Gjerde, Simon Spjutøy, Svein Eirik Ertesvåg – Joakim Skarbø, Mats Bigset – Daniel Muren, Nicolai Molvær, Anders Gjerde – Sander Gjerde
Innbytarar: Kim Hansen, Martin Gjerde, Jørgen Kleiven, Marius Muren