Herrelaget hadde planar om å spele mot 5.-divisjonslaget Blindheim, men på grunn av spelarmangel blei kampen avlyst.
På grunn av ein avlyst treningskamp mellom Blindheim og Vigra hadde Hasundgot snappa opp den ledige kampdagen, men på grunn av eit stort fråfall på grunn av skadar og andre grunnar makta ikkje herrelaget å mønstre lag mot 5.-divisjonsklubben likevel.
Det betyr at bortekampen mot Åmdal 26. mars framleis blir den neste testen for a-laget i denne sesongoppkøyringa. Så langt denne vinteren står Lars Breiviks lag med to sigarar (mot Tjørvåg og Hareid II) og éin uavgjort (mot Hødd III) – som alle blir motstandarar i årets 6.-divisjon.
Vi håper at den gode trenden også held fram mot Åmdal neste veke.