God gjennomkøyring mot Hødd 3

Så langt i sesongoppkøyringa har det vore full pott, med sigrar over både Tjørvåg og Hareid II. Onsdag var det duka for eit spanande oppgjer då Hasundgot og Hødd (tredjelag) møttest for første gong på seniornivå.

Etter ein fartfylt start på kampen, tok Hasundgot leiinga på eige kunstgras då Anders Gjerde drog seg inn frå venstrekanten sin og plasserte ballen via Hødds sisteskanse og inn i nettmaskene.

Gjestene frå Høddvoll slo derimot tilbake. Etter eit innlegg i feltet markerte dommaren for eit straffespark, etter at mannen med fløyta såg ein hands i 16-meteren. Frå krittmerket gjorde Hødd ingen feil, og utlikna til 1-1.

Men siste ordet var ikkje sagt i første omgang. Inne i overtida svinga Sebastian M. Kleven inn ein perfekt corner. Det kunne sjå ut til at ballen gjekk via ein forsvarsspelar og inn bak Hødds elles så solid sisteskanse. Hasundgot tok derfor med seg ei imponerande 2-1-leiing inn til pause.

Tidleg i andre omgang utlikna blåtrøyene nok ein gong, etter at ein umarkert Hødd-spelar fekk avslutte uhindra på mål frå kloss hald, etter at gjestene hadde fossa fram på høgresida.

Sjølv om Hødd hadde ballen mest i kampen, var det ein nokså jamspelt og tøff affære, der uavgjort truleg var eit resultat begge laga kunne leve greitt med. Vi tek med oss at vi spelte periodevis god fotball og heldt oss strukturerte bakover i store delar av kampen mot eit rasktspelane og ungt lag.

No ventar nokre veker med «kampfri», før ein tøff test ventar mot Åmdal på Legene kunstgras.

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Hødd III 2-2 (2-1)
Hasundgot kunstgras
Mål: 1-0 Anders Gjerde, 2-1 sjølvmål

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Arve Vestnes, Martin Ødegård – Nicolai H. Molvær, Ruben Muren, Sebastian M. Kleven – Joakim Skarbø, Cato Veien, Anders Gjerde

Innbytarar: Kim-Rune Hansen, Svein Eirik S. Ertesvåg, Mats Bigset, Marius Muren, Sander Gjerde

[Best_Wordpress_Gallery id=»11″ gal_title=»Herrekamp_20170301_Hodd3″]

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.