Inspirerte trenarar på delkurs 1

Denne veka deltok fem lovande trenarar frå Hasundgot IL på delkurs 1, også kalla grasrottrenarkurs, på Havila stadion i Fosnavåg.

Vi ønskjer Arnt-Ivar, Trond, Lene, Runar og Per lykke til med resten av delkursa!

Dette er det første steget i trenarutdanninga, og består av totalt fire kurs på totalt 72 timar. Når alle desse kursa er gjennomført, oppnår ein C-lisens som trenarkompetanse.

Dersom dette kan vere noko for deg, kan du lese meir om når kursa blir arrangert på Sunnmøre fotballkrets sine sider eller ta kontakt med fotball@hasundgot.no for hjelp til å melde seg på kurs.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.