Den nye utforminga til hasundgot.no har vore oppe og gått i om lag tre veker, og sidan då har dei ulike områda på nettstaden fått over 10.000 klikk allereie. Dette synest vi er kjempegod lesning – tusen takk for at de er nysgjerrige! 🙂
Mest leste sak så langt er kampreferatet frå 2-2-kampen mot Hødd III, som har hatt over 900 visningar.
Dersom du har kommentarar eller innspel til kva som er bra, eller kva som kunne ha vore betre, med nettsida vår kan du gjerne bruke kontaktskjemaet under.
Vi set også pris på innsendt materiale som vi kan publisere, uansett alderstrinn. Den beste kjelda til informasjon er foreldre og trenarar som møter på kampar, så de er veldig velkomne til å bidra.
Kontaktskjema:
[contact-form-7 id=»648″ title=»Kontakt_redaksjonen»]