Slik kan du bidra til ei aktiv heimeside

Alt du treng å gjere er å sende inn informasjon til oss.

Treningskampsesongen er truleg godt i gang hos dei fleste laga, og om ikkje så altfor mange vekene er det endeleg klart for ein ny sesong. For å ha mykje spanande lesestoff på hasundgot.no håper vi å få hjelp frå dykk.

Den beste kjelda til kva som skjer i dei ulike laga er de som er trenarar og foreldre, som stiller opp på treningar, kampar, turneringar eller sosiale samlingar. Hasundgot IL tek derfor gjerne imot bilete og referat frå alle årsklasser, som kan bli publiserte på nettsida vår.

Alt du treng å gjere, er å sende oss inn bilete og nokre linjer frå kampen/turneringa/samlinga. Du kan finne tips til korleis skrive kampreferat her, medan rapportar frå turneringar eller samlingar i større grad vil variere frå tilfelle til tilfelle – avhengig av kor mykje du har på hjartet 🙂

For å sende inn dine referat og stemningrapportar, kan du gjerne bruke dette kontaktskjemaet.

Vi har også mogelegheiter til å lage bildekarusellar, så dersom du har fleire bilete som du ønskjer å sende inn kan du også sende desse til redaksjon@hasundgot.no, som blir sjekka med jamne mellomrom.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.