Delta på Hasundgots trenarforum

Vi er glade for å invitere alle trenarar i Hasundgot IL til eit lærerikt trenarforum torsdag 27. april.

Samlinga er i regi av Vidar Ertesvåg, som har ei god fartstid som spelarutviklar i mellom anna Lyn og Hødd. No er han involvert i trenarapparatet på Hasundgots A-lag.

Trenarforumet vil forhåpentlegvis tilby eit inspirerande og godt fagleg utbytte, der trenarar frå alle årsklassene i Hasundgot IL er velkomne til å delta.

Det vil først bli lagt opp til ein praktisk del på treningsfeltet med herrelaget, før samlinga blir runda av med ein teoretisk bit.

Har du eit ønskje om å få tips til korleis å organisere gode treningar eller søkjer tips til øvingar på treningsfeltet, så er dette den perfekte arenaen til å ta opp slike ting.

Nyttig informasjon:

Stad: Hasundgot stadion (kunstgrasbane og klubbhuset)
Tidspunkt: Torsdag 27. april
Oppstart: Kl. 20:00.

Om du har spørsmål til samlinga, eller ønskjer å melde interesse, ta kontakt med oss her:

[contact-form-7 id=»648″ title=»Contact form 1″]

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.