Hasundgot-spelar på Team Søre

Éin Hasundgotar er med i bruttotroppen til Team Søre sitt jentelag.

Måndag offentleggjorde IL Hødd uttaket av bruttotroppene til Team Søre for både gutar og jenter som er fødde i 2004.

På gutesida var det dessverre ingen spelarar som er registrerte i Hasundgot IL, men på jentesida fekk vi med éin spelar.

Dette er Emilie Gjerdsbakk, som er ført opp som forsvarsspelar i laglistene til Sander Nylands bruttotropp.

– Dette betyr at alle som no er i bruttotroppa får sjansen til å vise seg fram på nokre treningar, før trenarane kan gjere endringar til ei mindre treningsgruppe, og/eller endre på troppen, seier Team Søre-ansvarleg, Sander Håskjold Nyland, til Hødd.no.

Vi gratulerer så mykje til Emilie! 🙂

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.