Lagfotografering med Fotoekspressen

Rett over påske får Hasundgot IL besøk av Fotoekspressen, som vil ta lagbilete for alle laga i idrettslaget. Det vil også bli mogeleg å ta individuelle bilete for kvar spelar.

Denne fotograferinga vil gå føre seg onsdag 19. og torsdag 20. april, og det er sett opp ein tidstabell nedst i denne saka. Vi håper at alle laga kan stille i Hasundgot-klede (overtrekksutstyr eller drakter), slik at bilete ser raudt, kvitt og flott ut 🙂

Dersom det er ønskjer å byte tidspunkt, kan dette også gjerast ved å avtale internt. Det er viktig at det ikkje er meir enn tre lag per tidsperiode, så avtal dette med det laget du ønskjer å byte tidspunkt med.

Det vil også bli mogeleg å kjøpe desse bileta – sjølvsagt heilt valfritt – i etterkant. Fotballgruppa vil sende ut informasjon om dette ved eit seinare høve.

Vi ønskjer alle Hasundgotarar ei riktig så fin påske!

Oversikt over fotograferingstidspunkt:

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.