Begge kampane mot Bergsøy II i fjor enda med tap, noko vi øsnkte å revansjere onsdag kveld.
Og det starta bra i årets første heimekamp i serien. Ruben Muren sørgja for at vi tok leiinga 1-0 før kampen var 20 mnutt gamal, men dessverre utlikna gjestene frå Fosnvåg like etter.
Og herøyværingane var eit par hakk kvassare framfor målet. Før pause hadde Bergsøy snudd kampen til 3-1. Ole Magne Rotevatn la på til 4-0 tidleg i 2. omgang, før Peter Daniel Baade sikra seg eit hat-trick på Hasundgot stadion.
Nicolai Haddal Molvær og Sebastian Moldskred Kleven scora begge eit mål kvar, men Bergsøy heldt god stand og tok til slutt med seg ein 6-3-siger heim til Herøy.
Vi må derfor, dessverre, insjå at vi framleis må vente ei lita veke på årets første trepoengar – som vi sjølvsagt håper kjem mot Hareid II neste veke. Det blir som regel alltid høginteressate oppgjer, så det er ein kamp vi gler oss til!