Men dessverre blei det eit knipent tap i generalprøven.
Fredag kveld spelte herrelaget sin aller siste treningskamp, før alvoret for fullt tek til i serieopninga borte mot Tjørvåg 19. april. Motstandarane på Hasundgot kunstgras var ÅVK, som i fjor enda på ein solid 2.-plass i 5.divisjon.
Under flotte forhold starta det også kanonbra for Hasundgot. Midtvegs i første omgang sørgja eit perfekt slått frispark av Joakim Skarbø – frå midtbanen – for at kveldens kaptein Thomas Gjerde fekk stange inn 1-0 for kvittrøyene.
ÅVK svara derimot ikkje lenge etter, og etter eit velplassert frispark som gjekk rett i kassa utlikna gjestene rundt halvtimen. Før pause snudde også dei grønkledde kampen til 2-1, etter at ei velutnytta kontring på deira venstresida vart omsett i scoring.
Ei ny ulikning vart derimot eit faktum då Sebastian Kleven skaut/slo eit hardt innlegg inn i feltet. På bakerste stolpe stod Marius Muren (som nyleg har returnert til fotballteneste etter å ha avtent verneplikta si) og banka ballen kontant i mål.
Sigeren ville derimot ikkje bli igjen på Dimnøya. Midtvegs inn i andre omgang vart eit frispark svinga inn frå ÅVK si høgreside, og på bakerste fekk gjestene pirka ballen over streken. Fleire mål vart det ikkje, og sjølv om det aldri er kjekt å tape kan vi seie oss brukbart nøgd med ein god og jamspelt kamp mot eit godt 5.-divisjonslag.
Vi ser fram til å starte seriefotball igjen rett etter påskeferien!!
KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – ÅVK 2-3 (1-2)
Hasundgot kunstgras
Tilskodarar: ca. 20
MÅL: Thomas Gjerde 1-0, Marius Muren 2-2
Laget (4-3-3): Kim Hansen – Martin F. Ødegård, Simon H. Spjutøy, Arve Vestnes, Joakim Skarbø – Nicolai H. Molvær, Sebastian M. Kleven, Thomas Gjerde – Daniel Muren, Ruben Muren, Jørgen Kleiven
Innbytarar: Joakim Rødven, Marius Vartdal, Marius Muren, Mats Bigset, Anders Gjerde