Aprilsnarr: Vurderer å starte opp Dimna IL Fotball

Eit nytt fotballag på Dimnøya kan bli ein realitet frå neste sesong.

Denne veka har det sportslege utvalet i Hasundgot IL og representantar frå friidrettsklubben Dimna IL diskutert mogelegheitene til å starte opp eit heilt nytt lag på Dimnøya.

Ettersom det har vore nokså få lag i den lokale 6.-divisjonen for herrar dei siste åra, har det vore eit ønskje om å få eit ekstra lag inn i divisjonen for å spele fleire kampar i løpet av sesongen.

Sidan det sportsleg sett har gått veldig bra med Dimna IL dei siste par åra, med frontfigur Karsten Warholm i spissen, har friidrettsklubben blitt freista av å utvide tilbodet sitt til å også gjelde ei fotballsatsing.

Fleire friidrettsutøvarar i Dimna IL, med fortid i dei yngre årsklassene i Hasundgot IL, har allereie sagt seg interesserte i å vere med i oppstarten av den nye fotballklubben – deriblant verdsmeister Karsten Warholm.

– Dette er eit prosjekt eg likar veldig godt. I tillegg må eg takka alle sponsorar som har vald å putte litt ekstra pengar inn i prosjektet slik at eg kan pendle til alle kampane, seier Warholm om satsinga.

Kor den nye klubben eventuelt skal spele heimekampane sine er framleis usikkert, men den gamle Høddvoll-banen som Dimna IL disponerer har blitt løfta fram som eit alternativ – i tillegg til Hasundgot stadion.

OBS: Dette er ei fiktiv sak, skrive i godt «1. april» humør 🙂

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.