Årets andre tap eit faktum

Til tross for at vi tok leiinga, drog Åmdal i land sin femte strake siger i 6.-divisjon.

Sett bort frå tapet i andre serierunde mot dåverande serieleiar Bergsøy 2, hadde vi ikkje tapt nokon av kampane våre so langt denne sesongen. Etter å ha avslutta sist kamp med å kjempe til oss eitt poeng, var trua stor på at vi kunne få eit godt resultat mot Åmdal – som ikkje hadde tapt i det heile teke på sine fire kampar før dei gjesta Hasundgot stadion.

Og det starta bra. Midtvegs i første omgang vart eit perfekt frispark vart piska inn frå høgresida, og inne i feltet fekk midtstoppar Thomas Gjerde setje pannebrasken på ballen og stanga inn kampens første scoring på bakarste stolpe.

Dryge fem minutt seinare slo derimot Åmdal tilbake. Ei kontring på deira venstreside førte til eit innlegg inn i feltet, og der stakk Mathias Remmereit fram ein fot og pirka inn utlikninga. Ti minutt seinare sørgja ei nesten identisk scoring, frå motsatt side, for at kampen var snudd på hovudet og Åmdal gjekk til pause med leiinga 2-1.

Ei ny scoring imot rett etter pause gjorde at det vart ein tung start på 2. omgang, men i det 54. speleminuttet sørgja Mats Bigset for ny giv då han reduserte til 2-3 då han sende keeperen til feil veg og sette eit straffespark sikkert i det høgre hjørnet.

Men om lag 17 minutt før full tid kom den avgjerande scoringa. Sjølv med mange spelarar bak ballen fekk vi ikkje klarert ballen unna farleg område, og eit skot utanfor 16-meteren smatt seg inn nede i keepers høgre hjørne.

Etter seks spelte kampar ligg vi derfor på en 7. plass, med relativt beskjedne seks poeng. Vi tek derimot med oss ei lita gladnyheit frå kampen; juniorspelar Daniel Rokseth Skeide spelte sin aller første kamp for Hasundgots a-lag! Gratulerer, Daniel! 🙂

Neste veke blir det ein langtur til Åheim, då vi spelar mot vanylvingane borte fredag kveld.

KAMPFAKTA
Hasundgot – Åmdal 2-4 (1-2)
Hasundgot stadion
Dommar: Taher Tamimi, Ørsta IL
MÅL: 1-0 Thomas Gjerde (21), 1-1 Mathias Remmereit (26), 1-2 Terje Rebbestad (37), 1-3 Remmereit (49), 2-3 Mats Bigset (str. 54), 2-4 Vebjørn Osdal (73)

Hasundgot (3-4-3): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Arve Vestnes – Mats Bigset, Sebastian M. Kleven, Nicolai H. Molvær, Marius Muren – Martin Gjerde, Joakim Skarbø, Jørgen Kleiven

Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik S. Ertesvåg, Daniel Muren, Marius Vartdal, Daniel R. Skeide, 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.