Det er over tre månadar sidan vi lanserte den nye hasundgot.no-sida vår. Per 27. mai har nettsida fått om lag 75.000 klikk, fordelt på 68 artiklar og 25 sider.
For å lære meir om korleis lesarane våre opplever innhaldet og måten nettsida er bygd opp på, håper vi at så mange som mogeleg kan setje av nokre minutt til å svare på brukarundrersøkinga som ligg lenger nede.
Vi ønskjer å tilby eit best mogeleg produkt til dei som er interesserte i av Hasundgot, og no som mange kanskje har blitt kjende med nettsida vår ønskjer vi at lesarane våre skal kunne bidra til å gjere nettsida endå betre enn i dag.
Undersøkinga er på berre 11 spørsmål, så det er fort gjort å trykkje seg gjennom 🙂
Spørreundersøkinga er no stengd for svar. Takk til alle som bidrog!
Om du ønskjer å bidra på hasundgot.no, kan du gjerne ta kontakt med oss.