Endeleg kom sigeren!

I ein kamp som svinga fram og tilbake, kom endeleg ein etterlengta trepoengar.

Det heile starta med at ein gamal kjenning, Sveinar Øvrelid, sende Gjerdsvika/Larsnes/Gursken i leiinga tidleg i kampen. Den tidlegare Hasundgot-spissen fann akkurat nok tid og rom til å omsetje eit hjørnespark i mål.

Men det var langt frå siste ordet i kampen.

Øvrelid var seinare litt uheldig og felte ein offensiv Mats Bigset, som gjekk rett i bakken inne i bortelagets 16-meter. Dommar Morten Berge Digernes var sikker i si sak og peike på straffemerket. Den sette innbytar Cato Veien kontrollert i mål.

Og like før pause vart snuoperasjonen komplett – etter ein litt merkeleg situasjon. Ei avslutningsforsøk vart først blokkert, før returen small i tverrleggjaren. Ballen gjekk så inn igjen på banen, og der lukta Sander Gjerde den ledige ballen. 2-1!

Etter at gjestene var farleg frampå eit par gonger i første omgangen, verka vi litt meir med etter kvilen. Dessverre kom ein rett i fleisen midtvegs i omgangen, då eit draumetreff sneik seg inn i det lengste krysset for GIL/LGFK.

Sjølv om han kanskje ikkje ein gong har høyrt om musikalen Annie Get Your Gun frå 1946, tenkte Nicolai Molvær at «anything you can do, I can do better» og banka inn eit langskot til å avgjere til 3-2 like før full tid.

Med det sikra vi oss endeleg tre svært etterlengta poeng, og kan dermed konstatere at årets første siger er i boks. No ventar ein svært spanande kamp mot Hødd 3 på Høddvoll, eit lag vi spelte veldig jamt med i sesongoppkøyringa. Den kampen blir spelt torsdag 18. mai 🙂

KAMPFAKTA
Hasundgot – Gjerdsvika/LGFK 3-2 (2-1)
Hasundgot stadion
Tilsk: ca. 70
Mål: 1-1 Cato Veien, 2-1 Sander Gjerde, 3-2 Nicolai Molvær
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy IL

Laget (3-4-3): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Arve Vestnes – Martin Ødegård, Nicolai Molvær, Ruben Muren (K), Mats Bigset – Daniel Muren, Sander Gjerde, Jørgen Kleiven

Innbytarar: Kim Hansen, Martin Gjerde, Joakim Skarbø, Cato Veien

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.