Ny siger for Hasundgot G19, som har full pott så langt denne sesongen.
Sjølv om det ikkje har vore så veldig mange kampar hittil, har det gått svært bra med juniorlaget denne sesongen.
I serieopninga vart det 5-3 i ein spanande kamp mot Godøy, før MSIL vart slått 4-1 i neste kamp. Onsdag følgde dei opp med endå ein triumf – denne gongen borte mot Spjelkavik.
Også denne gongen vart det eit målrikt oppgjer, og tilskodarar vart vitne til ein svært underhaldande 5-3-kamp.
Hasundgot ligg derfor på andreplass på tabellen, tre poeng bak serieleiar Brattvåg som har éin kamp meir spelt. Neste kamp for juniorane er allereie førstkomande søndag, der dei tek i mot Hjørungavåg på Hasundgot stadion. Den kampen startar klokka 14.00.
Fotogalleri frå kampen. Alle foto: Torill Haddal:
[Best_Wordpress_Gallery id=»14″ gal_title=»20170531_G19_Spjelkavik_5-3″]
Hasundgots tropp:
1 Sebastian Rise Rogne
2 Erik Hatløy
3 Amund Aglen
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Martin Marø Gjerde
6 Sander Nedreberg Gjerde
7 Elling Haddal Våge
8 Sebastian Moldskred Kleven
9 Daniel Muren
10 Nicolai Haddal Molvær
11 Daniel Rokseth Skeide
12 Kristian Sundal
14 John Olav Hofseth Hatløy
15 Hans Markus Riise Pedersen
16 Aleksander Marø Vågen
17 Ole-Kristian Korsfur Voksø
18 Jonatan Ringstad Dimmen