To mål, to raude kort, men berre eitt poeng til kvart av laga i lokalderbyet mot Hareid II.
Etter å ha sleppt inn sju mål på dei to første kampane ønskte trenarane å prøve ut ein ny taktikk for å ha litt meir struktur bakover i banen før lokaloppgjeret mot Hareid 2.-lag. Ved å dytte inn ein ekstra midtstoppar la vi om til 3-4-3, etter å ha hovudsakleg brukt 4-2-3-1 så langt i sesongoppkøyringa.
Og, til tross for ei litt uvand organisering, såg omlegginga ut til å gi resultat. I starten av kampen hadde vi god kontroll bakover, samtidig som vi skapte ei 3-4 gode sjansar til å ta leiinga.
Dessverre gjorde keeper Rikard Osnes ein god jobb dei gongene han måtte i aksjon, og sørgja for at det ikkje vart baklengs før pause.
Etter kvilen kom Hareid litt meir med i kampen, og etter ei svakare periode frå Hasundgot fekk vertane notere seg kampens første scoring på Hareidsmyrane. Venthan Ketheeswaran fekk sende i veg eit skot, og mellom nokre Hasundgot-bein sneik ballen seg inn i det lengste hjørnet.
Hasundgot slo derimot rakst tilbake, og etter ei god kontring på venstresida fekk kaptein Ruben Muren setje inn ei heilt fortent utlikning.
Dette gjorde at vi fekk «blod på tann», og pressa på for ei scoring til. Men idet kampen drog seg til vart det litt ampert på slutten, og etter litt knuffing i feltet etter ein situasjon rett framfor Hareid II sitt mål, gav dommar Zenun Murati direkte raudt kort til både Thanusan Tharumalingam frå Hareid og Sebastian M. Kleven frå Hasundgot.
Med ti mann hos begge lag avslutta kampen derimot med ei broderleg fordeling av poenga, og vi ventar framleis på at det skal losne for fullt med årets første trepoengar. Neste sjanse til å ta tre poeng er mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken 10. mai. Då er vi spenna klare for årets andre heimekamp – og årets første siger!
KAMPFAKTA
6.div, avd. 2
Hareid II – Hasundgot 1-1 (0-0)
Hareidmyrane, ca. 30 tilsk.
Mål: 1-0 Venthan Ketheeswaran (72), 1-1 Ruben Muren (75)
Dommar: Zenun Murati, Giske IL
Gule kort: Thomas Gjerde (HIL)
Raude kort: Thanusan Tharumalingam (HIL 2), Sebastian M. Kleven (HIL)
Laget (3-4-3): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Arve Vestnes – Martin Ødegård, Ruben Muren (K), Nicolai Molvær, Marius Muren – Jørgen Kleiven, Sebastian M. Kleven, Joakim Skarbø
Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik S. Ertesvåg, Marius Vartdal, Mats Bigset