Det var litt av ein 15 (eller 14)-målsthriller på Mauseidvåg måndag kveld!
Det offisielle resultatet enda til slutt med med 8-7, men Hasundgot-jentene, derimot, vart enige om å annullere eitt av måla på grunn av ein hands… Som dommaren ikkje fekk med seg 😉
Om det vart 8-7 eller 7-7 var derimot ikkje så veldig viktig, for jentene hadde det kjekt saman uansett.
– Dette er ein flott gjeng å ha med seg på tur, skriv innsendar Lisbet Overå, som sjølv tok turen over fjorden til Sula.
Ho ønskte også å takke sporty foreldre som stilte opp som ein super heiagjeng til kampen.
Neste kamp for J10 er onsdag 14. juni, då dei får besøk av Aksla Kvit. Dette er den siste kampen deira før sommarferien tek til.
Jentene var i alle fall i kjempegodt humør etter MSIL-kampen, og visste nøyaktig korleis dei skulle feire heile sju scoringar på bortebane: