J8: Kjempeinnsats på Marine Harvest Cup

Laurdag var Hasundgot J8 på Vigra for å ta del i turneringa Marine Harvest Cup. Laget spelte tre kampar, og turneringa gjekk kjempebra for jentene.

I første kamp slo dei Vigra imponerande 9-1, og følgde opp med å vinne heile 12-0 mot Godøy i neste kamp. I siste kampen vart det også siger, då dei slo Spjelkavik med 6-2.

Laget til Arnt-Ivar Berg og Erlend Havåg kunne derfor sjå tilbake på ei veldig godt gjennomført turnering på Vigra. Dette er jenter å sjå opp for i framtida!

Gjerne send inn bilde frå DIN kamp! Send oss ein e-post til redaksjon@hasundgot.no.

[Best_Wordpress_Gallery id=»13″ gal_title=»Marine Havest Cup – 20170527″]