Eit ungt Hødd 3 pangstarta på Høddvoll, men i sluttminutta berga vi eitt poeng.
Det hadde ikkje gått meir enn sju minutt før vertane kunne juble over å ha teke leiinga, etter at tidlegare Hasundgot-unggut Jonas Overå sette inn eit innlegg frå Hødds venstreside. Og det gjekk jamen ikkje lange tida før Hødd dobla leiinga til 2-0 – også det etter eit angrep på Hødds venstreside. Johannes Flacke var målscorar for heimelaget.
Den første halvtimen sleit vi med å handtere eit tempofylt Hødd, men ei redusering av kaptein Ruben Muren sørgja for nytt liv i kampen rundt halvtimen spelt (sjå video under!).
Det såg ut til å gå mot heimesiger, men like før full tid sørgja Thomas Gjerde for at det blei 2-2, då midtstopparen omsette ein dødball til scoring.
Laga enda dermed kampen som like gode, som også skjedde då vi møttest i sesongoppkøyringa i vinter. Den gongen enda det med 3-3 på Hasundgot stadion.
Vi skulle gjerne ha fått med oss tre poeng, men vi tek med oss det positive at vi framleis berre har tapt éin kamp så langt, og det mot serieleiar Bergsøy 2.
Neste veke ventar Åmdal, og der har vi litt å revansjere etter eit skuffande tap i ein treningskamp i vinter. Forhåpentlegvis får vi meir fart på sakene denne gongen, når det er poeng som skal delast ut!
KAMPFAKTA
Hødd 3 – Hasundgot 2-2 (2-1)
Høddvoll
MÅL: 1-0 Jonas Overå (7), 2-0 Johannes Flacke (8), 1-2 Ruben Muren (29), 2-2 Thomas Gjerde (88)
Dommar: Håkon Risbakk Seljen, Herd, Spk
Laget (3-4-3): Kim Hansen – Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Arve Vestnes – Marius Vartdal, Ruben Muren, Nicolai H. Molvær, Marius Muren – Jørgen Kleiven, Cato Veien, Joakim Skarbø.
Innbytarar: Mats Bigset, Martin Ødegård, Martin Gjerde, Daniel Muren, Svein Eirik Sætre Ertesvåg